lørdag 26. mai 2012
Min første ekte loppis?
Det kan faktisk sjå ut som om eg skal få reise på min første "ekte" loppis i morgon! Det blir såååå spennande!
Det er ikkje ofte det er slikt i området her, i allefall ikkje som eg har fått med meg! Veit om ein loppis eg gjekk glipp av ein gang vi var vekk reist! :-(
Så det blir kjekt å sjå kva morgondagen bringer! Sambuaren har vel egentlig sagt at vi ikkje treng noko meir i huset no. Men eg må jo berre reise å sjå! Kan jo hende eg finn ein skatt eller to! Eg kan i allefall ikkje gå glipp av dette når det er så nærme!
Og når eg snakka om skattar.... Så fann eg faktisk ein heil del når vi var heime å passa hunden. Lampe, ramme, stolar, krukker og nokre tre kassar! Hadde ikkje plass i bilen til alt, så det må vi ta litt pø om pø.
Va jo virkelig tenkt å skrive litt om det og legge ut bilder, men sidan det har vore så fint vær, har vi omtrent budd ute i Hagen!
Så lite tid inne og lite tid framfor pc. Bloggar frå mobil no, så eg er litt spent på korleis det kjem til å sjå ut...
Kjem nok sikkert eit innlegg eller to dersom det blir noko av skattejakta i morgon!
Ynskjer alle ei fin pinsehelg:-)
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar