lørdag 26. mai 2012

Kjempe skuffa over dagens loppis!

Nei og nei og nei så dårlig "loppisen" i dag var. Nokre få "boder" med litt for "nye" ting.... Og så var det eit par vanlige stands som solgte det dei hadde laga, tupperware, oriflame, perfekt home og ein pølse/vaffel bod! Så eg vart passeleg skuffa kan du sei!!! Eg enda opp med to små boksar frå tupperware og ei pølse! Så bar turen heim til by'n og på leikebutikken for å kjøpe badebasseng og nokre små leikar. Vi er så heldige å har hatt strålande dagar med mykje sol og varme og då må ein ha litt leikar og aktivitetar som passar. Bassenget falt umiddelbart i smak og fekk plaska godt i frå seg! Ellers i dag har vi fortsett i hagen... Og det ser ut til at vi skal få så i plenen og begynne å mure i morgon. Ja veit det er søndag og kvile dag, men her må vi nesten berre nytte godværet så lenge det varar. Er kanskje lenge til neste gang vi får så mykje sol! Håpar og på å få tatt turen på plantasjen og kjøpe litt blomstrer til diverse potter eg har ståande frå i fjor! Eg skal også få tak i eit espalier og nokre pil eller bambus pinnar til nokre klatreblomstre eg skal ha:-) Håpar på like fint vær i morgon som vi har hatt i dag!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar