Ja då var mamma og pappa komt heim, og eg og hunden er svært glade for det. Dei hadde jammen valgt "rette" veka å reise vekk på, for her har ikkje været vore noko særleg å skryte av. Men dei var snille å ta med godværet heim, for i dag har det jo vore fantastisk.
Ikkje so vanskeleg å stå opp kl halv sju, når sola skin inn på soverommet. Så i dag har vi vore masse ute. Eg har omsider fått mala siste "rest" på stolane så no er dei klare til å bli trekte opp att! Håper det blir bra!
Sidan sist innlegg så har det ikkje vore heilt sånn som eg/vi hadde tenkt.
Den rolege onsdagen eg såg føre meg, forsvann som sand mellom fingrane mine.... Vi oppdaga at vesentlige delar av finklea våras låg att i Førde.... Så då såg eg mitt snitt til å få meg ein "luftetur" og tok meg ein svipp innom kakeboksen.no sitt lager og snopa litt.
Etter cupcake kurset, hadde eg fått ein del input og gode tips til bakinga og til diverse lure hjelpemiddel og redskap eg berre var nødt til å ha.
Og med desse tinga i hus så var det litt vanskeleg å la være å bake, endå klokka blei åtte før eg begynte....
Så då vart det produsert doughnuts.
Oppskrift finn du her.
Det var litt av ein prosess, men ikkje så vanskelig å få til. Og så vart dei kjempe gode... Det vart ganske mange (trur det vart 25) og dei smakte heilt klart best med det samme eller dagen etter...
Fullt så enkelt synes eg ikkje det var å lage Manuela sine cupcakes.... Eg tenkte virkelig at denne gangen skulle eg lukkast og var ekstra nøye med å lese oppskrifta mange gangar, og følgte den til punkt og prikke...
Alt såg perfekt ut, i formene og i ovnen. Men så fort eg tok dei ut av ovnen seig lufta ut og cupcake'sa såg ut som minivulkanar :-(
(dette skjer kvar gang eg lagar cupcakes/muffins, eg har prøvd mange forskjellige oppskrifter)
Har prøvd å google og lest x antall bloggar for å finne ut kva eg gjer feil, men eg finner ikkje ut av det.
Skal CUPCAKE eventyret mitt ende her?
Frista jo ikkje til gjentagelse for å sei det sånn. Meeen det blir vel til at eg prøver meg igjen.
Og om nokon kan hjelpe meg så blir eg super glad for det!
Må jo berre nevne at frostingen som eg laga, blei knall god og var veldig enkel og fin å sprøyte ut. Bittelite plaster på såret....
Sambuar har reist tilbake til Førde for å jobbe, og eg blir att nokre dagar her heime på "landet" hos mor og far. Kjenner eg må finne senga straks og berre håpe på at Theodor søv lenge i morgon. Eg kunne godt tenke meg og sove litt lenger enn til kl halv sju...
I morgon tenkte eg å vise nokre "skattar" eg har funne her heime.... Dei skal få bli med heim til Førde:-)
Ynskjer alle ei god natt og ei fin ny veke

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar