onsdag 16. mai 2012

Dagen før dagen

I dag er det diverse som står på planen...
I første omgang må huset få seg ein "shining" og så skal det bakast og lagast litt mat til i morgon.
Sambuar og son er sende på butikken for å handle, slik at eg kan få oppdatere meg litt og forberede kake osv. Det er ikkje alltid så lett å sitte med ein pc når vetle guten helst vil sitte på fanget og taste litt han også.

Og endeleg har moblestoffet til dei "nye" stolane våras komt. Kanskje eg får tid til å trekke dei opp seinare i dag. Då legg eg nok ut bilder av det...

I år blir forresten første året på veeeeldig mange år at eg ikkje skal ha bunad på 17.mai. Med berre ca 2,5 månadar att til veslesøster kjem, så var det ikkje mogeleg å bruke den i år. 
Jaja ei skjorte mindre å stryke og ingen søljer å pusse!


Dette bildet er frå 2008

Ha ein fin dag :-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar