Må berre sei at eg er sjeleglad for at vi rakk å bli ferdige med all maling og beising onsdag kvelden, for i går morgon kom regnet.....
Og du verden så fint det blei med beisa terasse og malte le-veggar. Nesten sånn at eg må legge ut eit skrytebilde! No skal berre hagemøblane på plass og så kan fineværet berre komme! Eg er klar!
Etter fleire dagar med maling så var det veldig godt med ein dag "fri" i går. Var ikkje så masse som blei gjort, men det må vere lov av og til det og. Men eg fekk tatt av resten av trekka på stol putene og endelig bestilt møblestoffet. Så no må eg berre vente.
I dag har det heller ikkje blitt gjort mykje. Berre på "papiret". Vi har snakka om vidare framdrift i hagen, vore ute å sjekka litt prisar og planlagt korleis vi skal gjere ting.
Bildet er lånt fra Manuela
Og i morgon kjem dagen eg har venta lenge på.
CUPCAKE-KURS med sjølvaste Manuela Kjeilen med bloggen Pasion4Baking
Eg gledar meg sånn. Vi skal lære litt om å bake cupcakes, lage frosting og antageligvis mest om pynting og dekorering. Kjemme nok til å bli super inspirert og boble over av kreativitet og bake lyst når eg kjem heim!!!!
Så ein skal ikkje sjå vekk i frå at det kjem eit par cupcakes bilder og innlegg.
Ynskjer alle ei super helg!

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar