Så gjekk denne ettermiddagen/kvelden med til å male og beise endå meir! Ikkje meir skriverier om det før vi er heilt ferdige!!!!
Eg fann ut at det var lurt å ta av trekket på ein av dei ny-gamle stolane mine for å måle kor stort det er, slik at eg bestiller nok stoff. Skal nok bestille litt ekstra for å ha på lur og for å eventuelt sy nokre puter til sofaen:-) Men det viste seg at den forrige eigaren av stolane hadde brukt ein formue på stiftar! At det var brukt 150-200 stifter pr stol er ikkje å ta hardt i eingong! Eg som trudde det skulle bli ein enkel sak å fikse, tok vist feil der ja!!!
Og når eg først var begynt med ein stol, måtte eg ta resten og (berre 3 stk, men jammen er eg glad for at det ikkje var fleire). For det blei seint før eg vart ferdig! Men no er det gjort! Så no kan eg bestille stoffet og ny skumgummi og berre vente på at pakken dukkar opp! Føler på meg at da kjem til å ta ein evighet, men den som ventar på noko godt, ventar ikkje forgjeves!
Blir nok meir tid til "finare" blogg innlegg når vi blir ferdige i "uterommet"! Då har eg sikkert masse bilder og vise fram pluss at eg har ein del små sy prosjekt eg håpa å bli ferdig med snart!
Men fram til då, får det vere greit med eit par livsteikn!
I morgon håpar eg at eg får til til å skrive eit innlegg om kva eg skal på lørdag!
Hint: noko som har med baking/dekorering og ein kjent person å gjere!
Gleder meg sånn:-)
Ynskjer alle ei god natt i draumeland........
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar