I dag var det vist min tur til å stå opp med småen. Så for oss starta dagen halv sju.... Mor synes det var i tidlegaste laget, men greit nok, då får ein meir ut av dagen!
Våkna opp i dag til vinter igjen... Hadde ikkje trudd at det kom til å verte meir snø no. I allefall ikkje at den skulle legge seg. Og ute lavar det fortsatt ned.
Dei to øverste bilda tok eg på vei heim frå kurset i går.
Stakkars hjorten med snødekt rygg gjekk og leita etter gras:-( Sikkert ein mamma hjort med fjor kalv og årets kalv...
Stakkars hjorten med snødekt rygg gjekk og leita etter gras:-( Sikkert ein mamma hjort med fjor kalv og årets kalv...
Jammen glad vi ikkje har "rukke" å legge om til sommardekk endå....
Det snøa tett og vi køyrde i "kø" i 30 km/t. Stakkaren framfor meg hadde muligens hatt eit lite uhell, for den eine spegelen hang og slang ned etter sida på bilen:-(
Eg kom meg vel heim, litt seinare enn planlagt, men men!
Dei to nederste bilda tok eg i dag tidleg frå stove glaset.
Ein ned snøa leike hjulastar. Minner ikkje så veldig masse om vår.
CUPCAKE-kurset
Skal prøve å få sett over og plukka ut litt bilder frå kurset i går, og legge ut. Det var ein kjempe kjekk kveld og vi lærte masse!

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar