Oioioi så lenge det er sidan eg har blogga...
Sidan sist har det jo skjedd ein heil del, blir for masse å skrive om skal eg fortelle alt! Men den korte versjonen er at eg har begynnt i ny jobb på Sunnfjord spa og har jobba veldig masse!
Heimesida til spaet er ikkje "oppe å går" heilt endå, men her e adressa i allefall: http://sunnfjordspa.no/index.html
Skal ta litt bilder å legge ut og vise korleis det ser ut der eg jobber! Kjempe fin arbeidsplass!
Mamma og pappa har funne veien til Santorini igjen... fekk so lyst å reise eg og, så eg og sambuaren min bestillte tur og reiser på tirsdag om ei veke. Mamma og pappa kjem heim lørdag, så då er det berre å tømme koffertane deira og putte våras ting oppi! Så bær det avgårde til Kreta og platanias...Herleg! Gler meg masse! Regner med at det blir tatt ein del bilder og skal nok få lagt ut litt av dei også!
I dag var det ein artikkel om arbeidskollega og venninna mi Regine i lokalavisa Firda. Ho er ein mykje meir aktiv bloggar enn det eg er.. Ho skal hjelpe meg litt med å lage ein finare og meir oversiktleg blogg. Så i løpet av høsten håpa eg å ha fått ein meir ryddig blogg!
Ta gjerne ein tur innom Regine sin blogg, re:gine
No er det Grey's på tv og eg er berre heilt nødt til å sjå det!
Ønsker alle ein fin kveld vidare i høstregnet!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar