Sidan sist eg skreiv har eg vore i syden! I LOVE KRETA!! Det var rett og slett fantastisk, som vanlig! 6 dagar med 28 grader i skyggen og ein dag med 33 grader! Men sidan det var seint i sesongen var det ein del vind så varmegradene kom godt med! Stor fornøgde med hotellet og området vi budde på! Anbefaler alle å prøve det hotellet, for meir info om hotellet og platanias sjekk ut ving.no søk på Hellas-Kreta-platanias-troulakis village. Skal legge ut litt bilder når eg får att kameraet mitt!
I syden var vi på stranda kvar dag, åt gresk salat til lunsj kvar dag og virkelig stor kosa oss og slappa av i varmen i fantastiske omgivelsar. Eg kunne sikkert skrive bok om Kreta. Det berre MÅ opplevast! Maten, menneska, kulturen, naturen, ja ALT e berre skjønt!
Tilbake til kvardagen... sukk!
Eg sa opp jobben min på spaet pga mykje rot og styr (alt for masse å skrive om her). Og no har eg begynnt å jobbe i Loffen barnehage i Naustdal! Eg hadde faktisk ikkje sett for meg at eg skulle komme til å jobbe i barnehage, men det er faktisk kjempe morro! Både dei voksne og ungane er kjempe kjekke å jobbe med! Det er ein FRYD å gå på jobb! Eg glir rett inn, barnslig som eg er! Ein anna ting som er positivt med ein slik jobb er at eg slepp kvelds og helge jobbing. Var ganske lei av det...
Ellers så nærmar jula seg med stormskritt, eg trur jo kvart år at denne jula skal eg ha god tid til forberedelsar som kakebaking, juleverkstad og julehandel, men nei då. Ser no at eg alt er "seint ute". Ikkje ei julegåve er kjøpt inn, julekalendaren eg ha prøvd å gjere ferdig i årevis ligg fortsatt godt nedpakka i ei øskje og kvar helg fram til midten av desember er fyllt opp med diverse aktivitetar(ikkje juleaktivitetar akkurat).
Støls prosjektet vårt går framover og dei 2 neste helgene går med til det! Det er fuging av skifer og listing som står igjen innvendig. Skorstein og instalasjon av vedovn skal skje kommande helg!
Skal ta bilder å legge ut på søndag!
Sidan sist har eg lært meg å lage vårrullar! Eg trudde aldri eg skulle greie å få det til, men det var ganske enkelt! Dei smakte veldig godt og eg må sei at eg vart imponert av meg sjølv!
Glassnudler (fann ut at pakken med buntar var lettast å handtere)
Oyster saus (brun flaske)
Chili saus (flaske med oransj etikett)
Spring roll pastry ("lappane" ein rullar kjøttdeigen inni)
Mama sita kryddermiks
Det ein treng utenom det som er på bildet er kjøttdeig, gulrot og vanleg kål!
Eg gjekk inn på butikken Asiatisk mat (ligg på sørsida i førde i samme bygg som musikksenteret) og sa eg hadde lyst å lage vårruller. Ho fann fram det eg trengte og ga ein kort beskrivelse på korleis eg skulle gå fram!
Start med å ta ut "lappane" i god tid før du skal begynne. Dei er frosne og sit godt fast i kvarandre.
Det står på pakken at ein kan pakke dei inn i eit varmt fuktig kjøkkenhandkle (det funka greit)
Legg nudlane til bløyting (ca 40 min) klipp dei opp i 1 cm lange strimlar
Brun kjøttdeigen og tilsett krydderet
Fin hakk kålen og rasp gulrøttene på grov rasp
Bland alt saman med den krydra kjøttdeigen og la det surre litt saman.
Til slutt tilsetter ein oystersaus. Det må ein smake seg litt til. Eg er kjempe glad i den smaken og bukar ein heil del... nam nam
MENGDE:
Med 1 kjøttdeig 450 gr, to gulrøtter 1/3 kål, og ein klase glassnudla blei det ca 20 vårrullar
Med 2 kjøttdeigar, 4 gulrøtter 2/3 kål og 5 buntar med glassnudlar blei det ca 60 vårrullar
Ein må berre prøve seg fram trur eg...
Med 1 kjøttdeig 450 gr, to gulrøtter 1/3 kål, og ein klase glassnudla blei det ca 20 vårrullar
Med 2 kjøttdeigar, 4 gulrøtter 2/3 kål og 5 buntar med glassnudlar blei det ca 60 vårrullar
Ein må berre prøve seg fram trur eg...
Så kjem vi til det eg synes virka mest skummelt, nemlig å lage sjølve rullane... Sidan eg ikkje er så flink å forklare så har eg prøvd å tegne og forklare litt:
For større bilde, klikk på bildet...Så skal dei frityr steikast. Eg har ikkje frityr gryte så eg brukte ei vanlig panne med teflon belegg. Eg brukte raps olje å steike i. Det finnast eigen frityr olje, men eg har ikkje blitt så avansert...
Platene mine på komfyren går til 12, fann ut at mellom 8-10 var passeleg temp.(Dette variera nok sikkert ein del frå komfyr til komfyr) Men det skal altså vere bra varmt!!!
Steiker/koker dei til dei er gylne:)
Bon apetitt!
Men i dag er der berre heimelaga pizza på menyen:)
Ha ein fine kveld:)
Ha ein fine kveld:)
Heisann :) så koselig å "se" nye fjes på bloggen min,så tusen takk for besøket. Nå har jeg tittet og lest litt hos deg. Mange fine Tilda ting du har laget.
SvarSlettVårruller har jeg aldri prøvd å lage.
Hit kommer jeg gjerne igjen.
Ha en god kveld.