tirsdag 21. juli 2009

Sommarferie:)

No har eg sommar ferie eller midt mellom to jobber kan ein vel og kalle det! Har søkt på fleire jobbar så det blir spennande å sjå kor eg ender opp til slutt!

Men no venter eg altså i spenning!

I sommar har det vore lite tid til blogging og anna eg hadde planlagt å gjere... Hittil har eg gjort litt forskjellig. Først ei kjempe kjekke helg i Bergen med skuleavsluttning og helga etter var eg hos ei venninne på Voss på Ekstremsportveko:) Og etter det har eg jobba, jobba, jobba og jobba litt til!

Det går framover og med stølsprosjektet vårt og. No er det nesten ferdig utvendig, berre "oljing" igjen! Innvendig har vi att å isolere, få opp veggar og legge golv. Regner med at vi begynner med golvet no til helga. Skal legge ut MASSE blider seinere i dag eller i morgon!

Urte "hagen" og blomstrane eg planta til mamma i mai har blitt kjempe fine og store, skal legge ut bilder av det også.. må berre få dei inn på data og sortere litt først... '

Ting tar tid, spesielt når eg ikkje er så flink å legge inn og sortere bildene etterkvart... Trur eg har nærare 1000 bilder eg har tatt i sommar som ikkje har blitt organiserte!


Eg må fyke, tusen ting å gjere no når eg har "fri"


Ha ein fin dag alle sammen og god sommar fortsatt


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar