GedeckterApfelkuchen
300g kveitemjøl
2 strøkne ts bakepulver
100 g sukker
1 ts vanilje sukker
Litt salt (eg droppa det)
1 eggekvite
½ eggeplomme
1 ss mjølk
150 gr smør (ta ut avkjøleskapet litt før du begynner)
Eple fyll
8 store epler
Rom/rom essens
Rosiner (ikkjenødvendig)
“dryss”
3 ss paner/grill mjøl
2 ss sukker
1 ts kanel (eg likar veldig godt kanel, så eg hadde meir)
Bland alt det tørre først (eg siktar alltid mjølet eit par gangar).
Elt/kna inn smøret til du får ein glatt deig. Ha i eggekviten/plomma og melka.
Del deigen i tre like store delar og sett i kjøleskapet i 1 time (Eg pleier ikkje å dele deigen før eg setter den i kjøleskapet, for mi erfaring er at eg treng meir enn 1/3 ti kanten på kaka, men ta ein del som blir stor nok til å dekke botnen av springforma eller paiforma og så lagar du lokket og brukar resten til kanten. Høgda på kanten kjem an på kor stor form du brukar, men eg har funne ut at ei form på 24 cm i dm er passeleg)
Medan deigen står til kjøling, skrellar du 8 STORE epler. Bland saman med litt oppbløytte rosiner og eit par dråpar rom-essens (ein halv kopp rom) og ei ss sukker. Kok epla møretil ein grov eplemos
Ta den 1. delen av deigen ut av kjøleskapet og fordel den ut over botnen på kakeforma. Ta gjerne litt mjøl på fingrane. Prikk botnen med ein gaffel og forsteik den til den er gyllen (175 grader i ca 10 min) la den kjøle seg litt ned.
Til å lage kanten på kaka tek du den 2. delen av deigen og rullar ei pølse, press den utover/oppover kanten i forma.
Bland saman ingrediensane til “drysset” og fordel utover botnen og tøm over eplemosen (her feila eg litt og gløymde halvparten av drysset, tok det på toppen av kaka i stadenfor, noko som faktisk funka bra)
Ta den 3. delen med deig og kjevle ut til eit passande lokk. Klem lokket forsiktig saman med kanten (det er lettast om ein brukar paiform. I spring form legg eg det berre ned på og trykker litt langs kanten.
Bland resten av plomma med litt melk og pensle på toppen (så kan du eventuelt spare litt “dryss”å ha over)
Om du har litt deig til overs kan du pynte lokket litt med eit eple for eksempel. Eg brukte ein sommerfugl kake utstikker. (sånn som denne)
Sett kaka midt i ovnen på 175 grader og la den steike i 20-30 min. kjem litt an på ovnen. Eg pleier å steike kaka mi i 30 min
Eg synes eplekaker smakar best litt lune (enten heilt fersk, eller litt oppvarma)
Server med krem eller vaniljesaus. Pynt gjerne med litt melis
Guten Apetit


Hei hei Kristine :O)
SvarSlettSå kjekt at du liker butikken min med alle de rar, snodige, herlige (og sikkert for noen kjempestygge)tingene :O)
Stoffpakker kan selvsagt sendes i posten, det er ingen problem. Hadde vært flott med en nettbutikk, og jeg håper den står klar en dag, om ikke så lenge. Men inntil den er på plass kan jeg sende det du ønsker :O)
Dådyr figurer er virkelig vanskelig å få kloa i,men jeg har klart det med noen, men de er ikke til salgs i butikken, de har jeg hjemme.:O)
Bare send en melding til vist det er noe annet, eller du vil ha stoffpakke :O)
Ønsker deg en strålende helg.
Linda
Takk for at du deler;)
SvarSlettDen så farlig god ut, hihi.
Fin kveld videre til deg Kristine:)
Stor klem
Å, nam - det såg kjempe godt ut!!
SvarSlett