Var berre heilt nødt til å prøve meg på nokre pikekyss!
Har sett bilder av lekre pikekyss i fleire blad i det siste og no måtte eg berre prøve!Hadde sjølvsagt ikkje noko oppskrift i nokon av alle!!! koke og bakebøkene eg har, så då måtte eg google litt...
Det viste seg å vere ganske så mange forskjellige oppskrifter så eg har blanda litt frå alle... og ikkje kopiert nokon si oppskrift direkteså her kjem "mi" oppskrift på pastell pikekyss med smak:
3 eggekvitar (fordi det var 3 egg eg hadde igjen)
120 gr sukker
matfarge/konditor fargesmaks essens
100 grader i ca 1 time (går heilt fint å steike to brett samtidig)
Pisk eggekvitar stive, tilsett litt og litt sukker, heil til at massen blir heilt stiv og kvit. Samme regel som ved eggedosis gjeld her, du skal kunne snu bollen oppned uten at det renn ut, så det er berre å piske i veg.
Eg brukte sjølvsagt min gode venn mr Kenwood!
Tilsett smak og farge etter ønske.
Eg delte min porsjon i tre deler. Ein rosa, ein blå og ein lilla.Den rosa hadde bringebærsmak, den blå hadde vanilje og den lilla hadde kisebærsmak
Essenser kan du kjøpe her på kakeboksen.no
Ver sparsommeleg med aromaen, det er IKKJE mykje som skal til.... eg var uheldig og plumpa ned i ein god slant med kisebær aroma og eg kan røpe at det lukta kisebær i heile huset...... Dei blei litt for sterke på smak til at det gikk an å ete dei:-(
Farger kan du kjøpe herEg brukte sprøytepose og tippar frå Wilton (vanlig rund, french tip og blomster tip)Eg sprøyta ut ganske små "kyss" ca på størrelse med ein 5-kroning!Sett i ovnen og steik på 100 grader i ca ein time. Mine stod i ca 75 min.eg pirka borti dei og kjente når dei var blitt tørre, då er dei ferdige! Kjøl dei ned og løsne dei frå papiret!Eg putta pastellkyssa på søte glass med lokk.... naaaaaam

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar