søndag 5. august 2012

Termin dagen er her....

I dag er det termin dag, i følge ultralyden. Men i følge meg sjøl er eg alt ei veke på overtid! Men her skjer det ingenting... Prinsessa vår driv med skjønnheitspleie seier venner av meg. Ho kjem når ho e klar. Vi er i allefall klare til å møte ho.
Alt står klart til ho, seng, vogn, stellekommode med reine og sirleg bretta små rosa kle! Hentesettet er pakka i "sjukehusbagen" til mor og senga er reia opp! Så no gjenstår berre litt venting!
Eg er ein super rastlaus person og det er ikkje snakk om for meg å sette meg ned å vente. Så her sullar eg rundt med diverse små prosjekt her og der.
I dag måtte eg faktisk begynne på eit heilt nytt eit, berre for å få tida til å gå!

Håpar eg rekk å bli ferdig! Skal legge ut bilde av ferdig produkt, så dåke kan sjå kva det skal bli!

Ynskjer alle ein fin sundagskveld og ei fin ny august veke!

1 kommentar:

  1. Håper Prinsessa kommer snart, masse lykke til!
    Klem! :)

    SvarSlett