Her er det vist grådig stille for tida. Med 3 og ei halv veker igjen til termin (4 til ul termin) så er det ikkje så mykje energi att! Veldig travelt å vere heime med ein super aktiv 1,5-åring, så e er kjempe glad for at pappa'en har ferie frå neste onsdag! Da blir berre supert! Håpar eg skal få litt meir krefter og energi no mot slutten når vi skal vere heime "allesammen"!
Når eg gjekk med Nr 1, va dei to siste mnd av svangerskapet dei to beste, men det var vel gjerne litt mykje å håpe på sidan eg no skal ta meg av han, meg sjøl og magen!
Men heldigvis er det meste på plass, så dei siste vekene no framover skal berre nytast!
På hagefronten er vi faktisk ferdige! Og for ein herleg følelse! Så no skal resten av sommaren nytast i ny hage! Skal legge ut masse bilder når det blomstrar litt meir! Foreløpig er det berre veldig masse grønt:-)
Og i grønsaks-kassa tar det heilt av! Så no er vi sjølvforsynte med salat og spinat:-) kjempe kjekt og gå å plukke!
Snart er det fleire av urtane også som kan plukkast av! Så dette var eit spennande og vellukka prosjekt så langt!
Og til neste gang så blir det berre eit bilde av grønnsakene. (bildet er tatt for ei veke sidan, og det har skjedd masse sidan då)

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar