Eg var veldig frista til å lage ein heilt ny blogg, men eg tenker at eg held meg "her" og berre pussa opp litt!
Sidan sist innlegg har det hendt ein del ting i livet mitt. Vi har flytta i ny og større leiligheit og så har to blitt til tre:-)
Det blir nok ikkje blogging dagleg, men eg tenker at eg skal skrive når eg får tid! Bloggen kjem fortsatt til å handle om hobbyane mine, handarbeid, baking og matlaging... Godt mulig det blir litt meir om hus, heim og hage (sidan eg omsider har fått meg ein liten hageflekk).
Har planar om å teste ut ei ny oppskrift i dag og då skal eg blogge om det seinare i dag!
No er det trille tur og eit par ærend som står på planen!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar