fredag 15. januar 2010

JUICE

Jippi, endelig så kom juicemaskina i posten! Den kom i går og sjølv om eg ikkje va i hus før kl 21, så måtte juiceren prøvast! Så i går laga eg gulrot juice med selleri og ingefær og ein kiwi juice! Nam nam! So no skal det jammen produserast juice i heimen! Om det er nokon som les dette og har nokre tips eller oppskrifter blir eg glad om dei vil dele dei med meg!

I morgon tidleg reiser eg til Voss for å treffe ei venninne! Vi skal kose oss masse, blir kanskje ein tur i ski bakken og på konsert om kvelden! Blir kanskje litt shopping og, eller det vil sei eg må jo innom Kari Traa butikken å snope litt! kan jo hende det er salg der og:-)

Så i kveld skal eg berre pakke, drikke god heimelaga og super fersk eple juice og berre slappe av!


Ynskjer alle ein fin fredags kveld og god helg!

1 kommentar:

  1. Beklager at du plagdes med muffinstoppingen.
    Takk for at du sa ifra!!
    Jeg har justert oppskrifta og gitt litt råd om hva en kan gjøre. Neste gang du plages må du bare sende meg ei melding tlfnr står på siden min.
    Håper i det minste at det smakte bra?
    Ha det så fint! Klem : )

    SvarSlett