mandag 16. november 2009

Mandagsglede:)

Eg pleier egentlig ikkje å vere så glad i mandager, men denne mandagen har berre vore heilt fantastisk!

Etter ein herlig dag på jobben venta ein "hentelapp" i postkassa mi når eg kom heim! Bestillte meg diverse kle og nåken småting til heimen i forrige veke, når eg var sjuk og svak! Trudde ikkje det kom så fort i posten! Å det er så kjekt med litt fornyelse i både heim og garderobe!

Ikkje nok med det, eg fikk lønninga mi i dag også! Og den var mykje større enn eg hadde forventa, sendte sms til sjefen, for eg trudde det var feil, men nei det stemte faktisk! Kan det bli bedre? Så etter å ha betalt alle regninger og sett av ein ok sum til sparing har eg fortsatt ein del penger igjen! GLEDE!

Denne veka kjem nok til å gå ekstra fort, for eg har noko å glede meg til:) Får besøk av ei venninne i helga:) Ei eg gjekk på hudpleieskulen med, har ikkje sett ho sidan juni, så det blir så kjekt!

No er det tid for litt tv titting!

Skriver meir i morgon!

Ønsker alle som ser innom ein fin mandagskveld!

Og så må eg jo berre sei at eg blir ekstra glad om nokon legg igjen ein kommentar!


1 kommentar:

  1. Alltid kjekt med litt peng til overs, sjeldan det er det her i heimen. Ein brukar det som kjem inn på kontoen slik at det ikkje hopar seg opp :)

    SvarSlett