mandag 1. juni 2009

Pinsehelg

Oioi det er ei heil veke sia sist eg skreiv, tida har berre ikkje strukke til! Sidan sist har eg hatt ein eksamen og no er det berre ein igjen! Tirsdag etter eksamen reiste eg til frisør. Ei god venninne som er utruleg flink! So no er sveisen forandra! Kort i nakken og lang lugg, ein slags bob! Trivast veldig godt med den nye sommarsveisen! Va klar for litt forandring!

I veka var eg på jobb to dagar og det var kjekt å få begynne igjen så smått! Ha vore lite jobbing no i eksamensperioden, so no gler eg meg til å begynne å jobbe for fullt!

Eg har og vore heime og truffe barndomsvenninna mi og jenta hennar som eg er gudmor til:) Dei bur i Stavanger og det er ikkje so ofte vi møtes, så det va kjempe godt og kjekt å sjå dei att!

Litt drama har det vist vore og... Va ein tur innom sjukehuset i går! Fekk plutselig smerter i brystet og tungt for å puste. Så då va det ein tur til legevakten som sende meg vidare inn på akutt mottaket. Der vart eg kobla til diverse maskiner, det blei tatt blodgass og blodprøver og eg va på røntgen! Blei lagt inn på medisinsk avdeling til overvåking og for å vente på svar på prøver! Legane ville utelukke/bekrefte eventuelt blodpropp i venstre lunge, men alle prøvane va normale så ingen blodpropp! HELDIGVIS! Fekk meg eit lite sjokk og va ikkje høg i hatten der eg låg.. Det heile kunne vist komme av hosten eg hadde for ei stund sidan.. Merkelige greier! Det va rett og slett ein muskel som hadde blitt overbelasta..

Men dei skal ha kred for å ta meg og situasjonen alvorleg. Dei sjekka meg veldig grundig og eg fikk konstantert at hjerte og lunger va normale og fine og at eg rett og slett er heilt frisk!!

Nei no skal eg pakke litt til i morgon og so skal eg ut i sola!


Ynskjer alle som er innom, ein STRÅLANDE mandag og ei fin ny veke!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar