Det her er ein kjekke gjeng, men lille harepus har ikkje fått munn og nase stakkar:(
Her er eit døme på ting som ikkje har blitt gjort ferdig, desse stakkarane manglar både kle og ansikt! Men denne sommaren her skal desse og få eit "liv"
Her er ein anna Tilda gjeng som er litt meir fornøgd
Desse blei laga få dagar etter at eg fekk den første Tilda boka mi, "Jul med Tildas venner". Den fekk eg jula 2003 av Laila (Gardstunet). No har eg alle bøkene og det har blitt mange av Tildas venner her i heimen!
"The julekalender" prosjektet mitt... hmm trur den blir veldig fin når eg er ferdig! Det er fleire "ruter" med forskjellige motiv, som skal syast saman, så skal eg lage ein kant rundt med alle tala og ringar til å feste pakkar i. Veit ikkje om det går å sjå så godt, men sånn ca som på framsida på boka skal den sjå ut til slutt!
Ellers har eg jo sett mange som blogger som lager bestemorruter og er med på den her: "en bestemor om dagen". Så då vart eg inspirert til å fortsette med det også... har to tepper eg har begynt på, som eg skulle fått ferdig, så i dag har eg funne fram hekle nåla og garnet mitt! Men såg no på bildet at det va ganske "trasig". Så dersom eg skal begynne på eit nytt teppe skal det i allefal vere i friske kjekke fargar!

Kjære Krish.
SvarSlettHer var mykje pent. Du er ein kløpper med symaskina. Mange fine Tilda figurar.
Eg skal også til med eit juleteppe, til hausten. Vi får ta oss nokre sykveldar ilag.
Ha ei fin veke. Lykke til med eksamen.
Klem fra meg.
Så masse flott du har laget!
SvarSlettSå koselige disse Tildafigurene:)
Så masse fint i den siste boka, tenkte sy noen av de figurene,men har ikke kommet igang enda...
Klem!