onsdag 13. mai 2009

Kom Mai du skjønne milde

I dag har da jo vore sommarvær, varmt og godt! Berre so veldig synd at eg ikkje har veranda:( I dag fekk eg kepen min, var og tok mål på søndag og fekk melding i går om at den var ferdig, fort gjort! Men slik som veret er no, ser det ikkje ut til at eg får brukt den i år!
Heiv på meg bunad og skjorte for å prøve kepen og eg er veldig fornøgd:) Men eg ser no att eg gøymde å ta på forkleet... Da var veldig blått her, og skjorte ermet såg jo ikkje ut. Men da va jo kepen som skulle visast! Skal heller legge ut eit bilde når eg har fått på alt skikkelig, inkludert sølvet og ein an hårsveis (dett er vist studiesveisen min)!
Eg må jo berre sei at eg er veldig stolt over bunaden min, den har så mange fine detaljar! Og endå bedre er det at det er bestemor mi som har laga alle detaljane! Alle bunadsband, maljedukane på brystet, broderia på skjorta, bandet bak, som held forkleet og bunadslommen! Skal legge ut bilder av alt samman etter kvart, men har er nokre bilder som eg tok i dag.

Vesten, men her manglar bandet/beltet som held forkleet



Skjorte ermet





Maljedukane og skjorte saumen (som nesten ikkje viser når alt sølvet er komt på)

Meir skjorte

Stakken er pryda med tusenvis av små korssting og vevde band frå bestemor

litt av ein jobb og stryke/dampe faldar


Det var alt for i dag folkens, no skal eg lage litt kveldsmat og lese bok!
Ynskjer alle ein koselig kveld

2 kommentarer:

  1. Kjempefin kep. Eg har aldri fått laga meg kep. Eg lagar så mykje anna. No held eg på med nytt liv til Therese sin bunad. Den blir kjempefin. (synest eg sjølv iallefall)
    Eg leverte jo ei drakt her for to veker sidan. Ei Lenvikdrakt, med skjorte, stakk, forkle, vest, lomme og kep. Har ikkje lagt ut bilder av den for eg har ikkje snakka med ho som eig den. Skal legge ut bilder av Therese sin vest i kveld.
    Lykke til vidare i lesinga.
    Klem fra Laila.

    SvarSlett
  2. Ser du fekk til etikettane dine, eg har også lagt til no. jepski

    SvarSlett