lørdag 16. mai 2009

17.mai førebuingar

Sidan sist eg skreiv, som var på onsdag, har eg på torsdag: lese til eksamen, fredag: hatt eksamen og vore på shopping! Eg og ei i klassen skulle berre nett innom Indiska i Åsane på veien heimover etter eksamen.

Det enda opp med dekketallerker og ei blå tekanne frå Indiska


Eg elsker te kanner og samlar på dei:)

Vi gjekk sjølvsagt vidare sidan vi først var på eit kjøpesenter og handla meir....

Ein tunika og ein heilt vanlig grå tights frå only



og ein nydelig kjole frå B-young!


Denne var det uaktuelt å gå i frå, den va eit "berre må ha den" objekt

Dette er bak på kjolen
Til denne kjolen og til ein anna kjole eg har leiter eg no etter lilla eller grønne matchande sko,og eg tar gjerne i mot tips:)

Vi synes at vi fortjente litt shopping, vi e jo tross alt halvferdige med eksamen pluss at vi fekk stipendet i går....

Ellers var eg innom mamma og pappa for å hente hunden og for å sende dei avgårde, eg må jo sei at eg synes fortsatt i ein alder av 27 at det er kjipt at dei reiser UTEN meg, eg ville nok helst vore med til HELLAS, men nokon må jo passen hunden og nokon må ha eksamen.... sukk! Men sjølvsagt unnar eg dei begge turen og ferien, det har dei fortjent!
Eg nøyer meg med gresk salat med tatziki og kvitløksbrød, mmmm nam! Det blir min tur til å reise seinere i år:)

Når dei er vekke har eg tenkt å "fikse" eit par ting heime for dei, slik at det blir ekstra kjekt å komme heim! Eg skal begynne alt i dag med å handle inn diverse blomstrar som eg skal pryde frukost altanen, verandaen og inngangspartiet med. Slå plenen og ellers shine litt i hagen! Dette er nok mest for mamma sin del, pappa er ikkje så oppteken av blomstra og sånt!!??!!! hmm
For pappa skal eg vaske lastebilen....... og arbeidsbilen, "hunde" bilen har eg alt vaska:) eg kan jo ikkje køyre rundt i ein so flotte bil med måseskit på taket....

Eg skal og stryke bunadskjorte og sy på hjartespenne på kepen min og dersom det er meir igjen av dagen, då skal eg jammen lage ei ostekake, den e knall god! Legger gjerne ut oppskrift seinere!

No er det tid for frukost og etter det skal eg og hunden Tanja gå oss ein tur!

Ha ein fin dag allesammen!

1 kommentar:

  1. Hei vennen.
    Nydelege kjolar og søt kanne.
    Gratulerer med vel overstått 2. eksamen.
    No har eg avlevert bunad til Therese, og eg trur dei var fornøgde, men av all syinga har eg no fått blod på tann og har begynnt på kjole/tunika prosjektet som eg hadde planlagt for ei stund sia.
    Nyt morgondagen. klem fra Laila.

    SvarSlett