I dag skal eg berre dille, det eg ikkje har lært til no lærer eg heller ikkje i dag! Så no får da gå so da går.... I går hadde eg store planar om at eg skulle få gjort/lest veldig masse, men det skjedde ikkje!
Først kom mamma ein tur til Førde for å fikse eit par ærend før sydenturen (kunne ønske det var eg som skulle reise) og for å kjøpe bursdagspakke til pappa! Han har bursdag 17. mai, men reiser altså til syden for å "sleppe" å feire! Så venta bursdagsmiddag, dessert kake og kaffi hos svigers!
Og så måtte eg sjølvsagt få med meg urpremiera på sogn og fjordane teater si framsyning Burn baby, burn! Kjenner nokre av dei som er med, så var jo berre nødt til å få det med meg! Dei fleste her rundtom har vel fått med seg mykje av fusset rundt oppsettinga av dette stykket, "smitteeffekten" det har på unge bilførarar osv. Synes at kommentaren "dette er kjempetøft. Råning er kultur i Sogn og Fjordane, og det er kult at vi har eit teater som torer å tenke annleis!" er kjempe bra! Alle burde gå å sjå det! (Laila du er nevnt, hehe, som læremester;) stilig). Og vips så var lørdagen over....
Ganske herleg å tenke at, på neste søndag, har eg komt halvvegs med eksamenane og litt nærmare meir fritid og morro! Tenkte og at i morgon når eg kjem heim, skal eg legge ut litt bilder, trur eg har fått det til! Har litt å dele frå stølsprosjektet og eit anna prosjekt eg har!
Jaja, neste gang eg skrive her føle eg meg sikkert ti kilo lettare, gler meg til å ha morgondagen overstått!
Ha ein fine søndag!
Hei .
SvarSlettLykke til i morgon. Vi har jo vore i barnedåp i dag, kjempekoseleg.
Litt dumt at eg ikkje fekk med meg premieren, men eg og søs. skal av stad og sjå på torsdagen. Eg blei heilt heit i toppen når du skreiv at eg er nevnt som læremæster. Det var ei knall bra historie, men den var faktisk sann. Eg holdt på å bli utvist frå skulen i dei tider. På grunn av all "undervisinga"
Igjen LYKKE TIL I MORGON.
Klem fra Laila