torsdag 7. mai 2009

Berre 3 dagar igjen til første eksamen

Off tida går altfor fort, døgnet skulle hatt fleire timar og veka fleire dager! Eg føler eg ikkje får lest nok, dagen i dag har gått med til å lage puggekort om diverse hudlidingar og sjukdommer, skulle nesten tru det var hudlege eg ska bli! EG TRENG MEIR TID! I mrorgon, fredag skal eg på jobb frå 14-22 så då blir da ikkje så mykje lesing, berre lørdag og søndag igjen. Mandag skjer det, største og verste eksamen, skal vere glad når eg e ferdig med den!
Så mandags kvelden skal eg kose meg! Tenkte eg at eg sku prøve å få lagt inn litt meir bilder osv på bloggen. Og JA Laila eg har masse spørsmål og ting eg lure på angåande bloggen! Kanskje vi skal ta oss ein jentekveld me godt å drikke å ete, og så kan du vise meg litt? Da hadde vore kos! Men eg ha og veldig lyst å ta meg ein tur oppom å helse på Henrik! Kanskje til neste helg?
Kjekt å få kommentar på innlegga mine og kjekt å få følgare til bloggen:)
Lover at det skal bli litt meir spennande lesing etter kvart og meir bilder!
HA EI KJEKKE HELG:)

2 kommentarer:

  1. Det må vi gjere. Neste helg passer bra. Berre det ikkje blir søndagen, for da er det liksom 17.mai.
    Lykke til med lesinga og eksamenane. Ta da med ro, du klarer deg bedre om du ikkje er utslitt av pugging. Sats på å vere utkvilt til mandagen.
    Klem fra Laila.

    SvarSlett
  2. Kanskje fredagen?? må heim å hente hunden lørdag, mamma og pappa reiser til kreta! Eller kanskje mandagen?? Vi kan snakkast!

    SvarSlett