fredag 17. august 2012

Sorgen og gleden....

Mandag i forrige veke blei veslejenta vår Ingrid fødd og laurdag samme veka sovna den snille gode bestemor mi stille inn! Skal sei det er ein merkeleg blanding av følelsar i meg no!
Søndag var det minnestund og eg fekk tatt skikkelig farvel. Veldig veldig trist, men samtidig godt å sjå det gamle ansiktet endeleg kvile i fred! i går var det begravelse! Fin dag og fin avskjed!
Bestemor har den siste tida blitt veldig "senil" og kjende ikkje att familien sin. Ho hadde og ein konstant uro i kroppen og spurde stadig om kva ho skulle gjere! Så det var godt ho fekk "sleppe" no!
Men som ein bekjent av meg skreiv- "Trist når livets sirkel blir så nær, men en desto større påminnelse om hvilken gave et barn er" er så sant så sant!
Vi er utruleg heldige som har fått to friske barn! Lille Ingrid er snill og god og vi blir flinkare og flinkare for kvar dag til å ete!

Neste søndag skal vi ha dåp! Det blir spennnande! Trur det er 5 eller 6 dåpsbarn. Og vi er til slutt sidan Ingrid er yngst... Får håpe ho er like tolmodig den dagen som ellers!
Det meste av forberedelsar er i boks! Ein må berre utføre den siste finpussen. Dekke bord og lage litt mat:-)
Invitasjonar er sendt ut, så no er det berre å vente til helga att før vi får gjort så mykje:-)

Sånn vart invitasjonane til slutt

4 kommentarer:

  1. Gratulerer med veslejenta!
    Trasig med besta di. Det er ein del av livets gang, og vi får håpe at ho har det betre no - om det fins noko etter dette...
    Lykke til med dåpen!

    SvarSlett
  2. Gratulerer med lisjejenta!!:) Tenker du koser deg masse! Og så trist med Besta di. Mi Besta døydde nokre månader før Hermine vart fødd. Det var rart å sitte med ho på sitt siste og kjenne spark i magen. Nytt liv og død på same tid. Sånn er livet, rart med det..
    Du spurte om spraylakken eg har brukt. Den heiter Ironlak og eg kjøpte dei på kem.no i nettbutikken der. Men eg ser dei har skifta leverandør på spraylakk no..men tipper dei er like gode. Mange farger å velge mellom ihvertfall;)
    Ha ein fin dag!
    Klem:)

    SvarSlett
  3. Gratulerer med prinsessa! Det har vært så travelt i sommer, at jeg ikke har fått tid til å lest så mange blogger. Så trist med bestemoren din, ta vare på de gode minnene.
    Så flotte invitasjoner du har laget, håper dagen ble fin.
    På spørsmål om sanking av frø... Jeg er ikke så flink med det, så jeg har lagt ut noen linker som tilleggsopplysning. Kos deg masse med prinsessa. Stor klem :)

    SvarSlett
  4. Hmm..eg meinte eg hadde svart deg eg..lang kommentar, men den er visst vekk ser det ut til..spraylakken har eg kjøpt i nettbutikken til kem.no. Eg ser dei har fått inn eit nytt merke no. Men utvalget av farger ser like bra ut:)
    Klem:)

    SvarSlett