No nærma vi oss ferdige i hagen. Berre litt jord og planter som skal på plass! I dag snekrer snille flinke mannen min kasse som eg skal plante grønnsakene mine i! Og det blir så fint!
Naboen, som jobber på eit av dei lokale byggvarehusa, anbefalte oss å bygge kassa i kebony (vanleg furu som er sukkerimpregnert) sidan det skal dyrkast ting vi skal ete oppi der!
Vanleg impregnert materiale kan innehalde giftstoff, og det vil vi ikkje ha noko av...
Likte igrunn ikkje heilt fargen, men til neste år har det nok lysna ein heil del og fått litt meir den rustikke utsjånaden eg er på jakt etter!
Satsar på å bli ferdig med kassa i dag, sånn at eg kan plante ut gulrøttene og salaten min. Begynner å bli trangt i bøtta!
Ellers har det såvidt begynt å spire så smått på andre sida av huset!
Bildet med hagl på vart tatt i går, skulle ikkje tru det var 1.Juni... Men det er altså frå den sida av huset som er "ferdig"



Dette blir nok ein velstelt hage:) Kjekt med litt eigenproduserte grønsaker:)
SvarSlettEg brukte white sprite på mine asfaltflekkar, etter anbefaling frå kallen.
God søndag!
PS! Vil du ikkje fjerne ordrebekreftelsen for kommentering? Den er eit ork...