Ja då prøver eg meg igjen med litt blogging...
Eg trudde eg kom til å ha masse tid til blogging når eg hadde mamma permisjon, men det vart ikkje slik.
Ikkje det at mamma rolla vart meir krevande enn eg hadde trudd, men merkar at livet har fått ei heilt anna meining og at eg prioriterer heilt annaleis enn det eg gjorde før.
Sidan vi og har blitt huseigarar krever det sin mann/kvinne og stelle heim og hage, samtdig som ein skal vere forelder, sambuar, kjærast og venn. Og det er ikkje alltid ein føler ein strekker til. For meg har det vore hobbyar og blogging som har måtte vike for familie livet! MEN for all del, eg ville ikkje gjort noko anna om eg skulle gjort det igjen.
Men no boblar eg over av skaparglede og idear og vil prøve å dokumentere og dele med dei som har lyst å lese bloggen min. Sjølv om eg ikkje har blogga sjølv på ei stund, så har eg lest alle dei herlege bloggane der ute som eg er følgar av, pluss nokre fleire. Og eg har funne ut at eg skal prøve å starte blogginga mi med å pusse opp bloggen min! Det trengst.... Så no har eg starta på "bloggskulen" Her vert det googla og lest, prøvd og feila og eg skal ikkje gi meg før eg er i MÅL!
Så til dei som stikk innom, vær tolmodige, da skal komme litt meir spennande lesing enn dette innlegget her!
Har eit par "gamle skattar" i form av møblar som har blitt, og skal shinast og som eg gler meg til å vise fram.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar