torsdag 26. april 2012

Fin fin føremiddag

Sidan sambuar er heime i pappaperm i dag, tenkte eg at vi skulle få gjort litt. Så eg sende gutta på butikken for å handle maling og terassebeis! I dag skal malekosten jammen få svinga seg....

Men først litt kvalitets tid for mor.... Lang varm dusj, med skrubb og hårkur og no litt åleinetid med pc, kafiikopp og mjuk musikk for øyra:-)

Pappa kom med minigravemaskina i går, så no blir det action i hagen vår også. Der må vi ta att plenen, for den er så dårleg. Og så skal vi endeleg gi liv til dei fine hageplanane Leslie har laga til oss. Gleda oss masse til å begynne på det, trur det kjem til å bli kjempe fint.

Dette er bilder tatt av bilder, så kvaliteteten er så som så... 


Ikkje store hageflekken vi har, og ikkje så fint pr i dag, så det er stort forbedringspotensiale. Eller ikkje så masse som skal til for å gjere det litt sprekare. Kjem tilbake med fleire bilder når arbeidet er i gang!

Ha ein strålande dag i det fine været:-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar