Og eg som trudde eg skulle få så masse tid til å blogge..
Men no når barnedåpen er overstått har eg litt meir ro i sjela. Det vart ein særs vellukka dag og eg var tenkt å legge ut litt bilder frå dagen, men nett no anar eg ikkje kor kabelen til kamera har tatt veien. så bilder får det bli ein anna dag, eventuelt seinare i dag når mannen kjem heim (det er han som har kontroll på det meste av kablar og denslags her i huset).
No når det ikkje er barnedåp som skal planleggast, så har eg funne fram att symaskina:-) Ser fram til å få gjort ferdig ein del prosjekt.
Har eit tilda koseteppe i fleece som skal settast sammen, og så har eg planar om å lage navne vimplar til barnerommet.
Gjekk og forbi "trapp ned" (koselig liten hobby butikk, med masse fine stoff og sytilbehør) her ein dag og då måtte eg berre innom. Der fann eg nokre kjekke retro stoff i friske fargar og vart inspirert til å lage eit teppe som passar i leikegrinda til lillegull! Så allerhelst har eg lyst til å begynne med det. Men eg får sjå kva det vert tid til.
Har ein liten prins som har har litt feber og hostar, så han krever litt ekstra oppmerksomhet og kos... Er ikkje så godt å vere mor når den lille har det ubehagelig:-(
Så vi får sjå når mannen kjem heim om eg hiver meg rundt å syr litt:-)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar