fredag 22. mai 2009

Kreativ fredag

Endelig fredag og snart helg! I morgon kjem mamma og pappa heim, og eg gler meg kjempe masse! Det er faktisk ganske travelt å passe hund ei heil veke når eg bur i ei lita leilighet midt i Førde sentrum... Og det er ikkje berre berre å komme seg opp gry tideleg om morgonen for å lufte hunden og plukke sjit!!!! E litt lettare når ein bur på "landet" og berre kan sleppe ut hunden i hagen eller luftegården. Eg trur eg skal vente med å skaffe meg hund, til eg får meg ein større plass å bu..... Ellers må eg jo skryte av hunden og då, den er kjempe snill, lydig og utruleg forståelsesfull! Det er mykje godt selskap i ein hund og den er ein god venn! Uten hunden hadde eg vore veldig ensom denne veka her, so tusen takk snille hunden Tanja for at du er hunden vår og vennen min:)

Har vore forkjøla sidan 17.mai og har stort sett vore inne og putla med diverse småting og fått rydda ein del! Har funne fram ein gammal sette kasse som eg har malt opp att og når male sakene alt var framme kom jammen inspirasjonen til male... Eg er veldig glad i å male, men er ikkje så veldig flink! Det blir for det meste abstrakt "kunst"... Har tre bilder i serie som heng i lag i stova. Dei vart eg ganske fornøgd med! Dei malte eg før advent og dei er i lilla fargar. Skal sjå om eg "tør" å legge ut bilder av dei!
I dag prøver eg å lage ein lignande serie som mamma skal få, dei er i blått, sølv og turkis, som er hennar favoritt fargar. Eg er ferdig med eit og held på med nr 2 no, det skal bli 3! Det første vart eg faktisk fornøgd med! Desse bilda malar eg på litt større lærret enn det eg har jobba med før, så det blir ekstra spennande å sjå om eg får det til!

Lærret og akryl malinga (synes akryl er den malinga som er lettast å jobbe med) som eg brukar har eg kjøpt på søstrene grene i Stavanger. Det er ganske billeg og er av heilt grei kvalitet for nybegynnarar som meg:) Eg anbefalar alle å ta ein tur innom ein av butikkane deira, dei har masse kjekt krimskrams, alt frå kjøkkenklutar, koppar og fat, sengeteppe til gåvepapir, snop, te og hagenissar! Meeeeeeeeeen det kan vere ganske hektisk der på lørdagar og i julesesongen! Så ta det ein anna dag, ellers risikera du å gå i kø gjennom butikken og må gå fleire gangar gjennom for å få med deg alt... ææh det gjorde eg, trur eg gjekk runda 3 ganger før eg var fornøgd. Og det går ikkje an å gå inn der uten å komme ut att med noko!

Etter eg er ferdig å male, reiser eg heim til Flekke for å gjere huset "klart" til mamma og pappa kjem heim! Blir spennande å sjå om blomstrane eg ha planta har overlevd.
Om eg får tid i morgon har eg lyst å få tak i ei stor "flat" krukke og plante urter i! Nokon som har erfaring med det? Går det å kjøpe urter på matbutikken å plante ut, blir det nokon suksess?
Eg tar jo livet av dei, berre eg tek av plasten og set dei i ei potte inne på kjøkkenet. KA gjer eg gale??
Ynskjer alle ei kjekke helg me masse fint vær

1 kommentar:

  1. Hei.
    takkar for at du fant bloggen eg leitte etter her i går.
    Så koselig at du held på å male, eg held også på å male, men på litt større lerret. Eg er ferdig å male inngangspartiet(1 strøk) men då eg gjekk opp i rundkjøringa såg eg at det vart heilt gale. Husbonden må sikkert rive ned igjen vindskeiene, for når dei først er mala så kan eg ikkje tjære dei etterpå. Litt surt, men det var vår begges feil.
    Bilder på bloggen stikk innom og sei kva du meiner.
    Urter som eg kjøper i butikken har eg aldri fått til sjølv heller. Men dei som eg sår i fra frø går det bedre med. Kan jo hende dei er litt meir hardføre dei du får på hagesenteret. Skal vi foresten ta oss ein tur på blomsterutsalget på Mo i veka som kjem.
    Ha ei fin helg.
    Klem fra Laila

    SvarSlett